Men det er ikkje berre Førdefjorden som står i fare for å bli kvelt og teken livet av. For meg og for andre som bur her gjeld det også nabofjorden, Dalsfjorden.

Vi som held til her ved denne mjuke og vakre vestlandsfjorden frå Rivedal ut til forbi Askvoll, og som har ein del år på baken, vi kan minnast ein frodig og levande og fiskerik fjord, der vi kunne fiske pale og småsei og makrell ved Vårdalsflua – masse pale! Og makrell som skaut i stimar langs båten. Flokkar av måse som dukka etter fiskeslo. Ein flåte av småbåtar fulle av stolte ungar som synte fram fangsten for kvarandre. Tyske turistar som stod i sine båtar og hivde inn sprellande småsei.

No finst her korkje stolte ungar, skrikande måsar eller turistar lenger. Fjorden er ikkje lenger frodig og glad. Fjorden mellom Eikenes og Atløy er svart og trist. Fjorden langs nordsida er tom for fisk. Dalsfjorden i dette området verkar å vere i ferd med å døy.

Kva er det som har skjedd?

Eg er berre ein amatør på temaet, men eg set av og til eit garn eller to, tek båten min ut på ein liten fisketur med forventningsfulle ungar, kastar med ei stong og ein sluk frå kaia. Det same skjer igjen og igjen. Ingen ting skjer! Kanskje eit napp eller to i løpet av ein fisketur, og i krabbeteinene er det ofte ein bra fangst. Men alt som heiter småsei, lyr og pale verkar som dei har flytta vekk eller vorte offer for eit massedrap. Og logiske nok – her finst heller ikkje sjøfugl lenger. Og eg kan ikkje hugse å ha sett ein tysk turist ståande i båten her utanfor stranda vår på lange tider. Eg trur ikkje det har berre med pandemi å gjere.

Ja, kva er det som har skjedd?

Mykje har truleg skjedd. Fleire ulike ting. Men i alle fall ein ting har skjedd sidan palefisket ved Vårdalsflua si tid: Oppdrettsanlegga har flytta inn i Dalsfjorden. Berre frå vårt hus her i Vårdal kan vi telje tre og nesten fire oppdrettsanlegg på sørsida av Dalsfjorden, anlegg som kan forureine fjorden med fiskeavfall og drit og medisininfisert for. Desse anlegga forbrukar og tener pengar på og skitnar til det som er vårt felles naturareal – og så klagar dei over at dei må betale ei godtgjersle for denne bruken! Ein bruk som eg vil påstå bidreg til å legge Dalsfjorden død mellom Eikenes og Atløyna

Korleis stiller så kommunane seg til dette?

For to år sidan fekk eg lov til å ta ordet i kommunestyremøtet i Askvoll for å fortelje om fjorden som held på å døy. Ordførar Ole André Klausen lovde å følge saka opp og å følge utviklinga tett, og saman med andre kommunar med liknande problem å ta initiativ til å forske på det som skjer. Setje forskarane i Havforskingsinstituttet på saka til dømes. Seinare har eg ved eit par høve hatt kontakt med ordføraren som fortel at dei jobbar med saka. Og det er bra. Men det kunne ha gjort seg at vi fekk litt informasjon om kva som eigentleg skjer. Og kva med lokalavisa vår, er Firda interessert i saka?

Eller er det slik at vi som bur i dette området, og dei som kjem hit som gjester, må finne oss i at denne delen av fjorden blir kvelt for lange tider framover, slik Førdefjorden kan bli det?