90 år gamal mann omkom i Gulen

Politiet går ut med namnet i samråd med dei pårørande.

DEL

Det var Magnus Henrik Lundøy (90) som blei funnen omkomen i Gulen laurdag 2. mai.

Det melder Vest politidistrikt onsdag. Dei går ut med namnet i samråd med dei pårørande.

Lundøy budde i Bergen og hadde reist på hytta si i Gulen. Det var slektningar av Lundøy som melde han sakna då dei kom til staden onsdag og fann ut at han var vekke.

Det blei sett i gang leiteaksjon etter 90-åringen, men han blei funnen død i fjøresteinane ved Kvigesundsholmane laurdag 2. mai.

Det blei gjort funn av båten til den sakna, og ut frå funn her trur politiet at mannen har falt over bord.


Artikkeltags