87 nye koronasvar

Onsdag vart 87 prøvar analyserte i Helse Førde. Ingen viste smitte med covid-19.

DEL

Det er framleis 50 personar som er påvist smitta av covid-19 i Helse Førde sitt område. Onsdag vart det gjennomført 87 nye analysar. Ingen av dei viste smitte.

Éin person er framleis innlagd ved sjukehus. Vedkommande får ikkje intensivbehandling.

I Helse Førde er det no berre éin person som er heime på grunn av korona. Ingen nye personar i helseføretaket har fått stadfesta smitte.

Artikkeltags