Laurdag analyserte laboratoriet ved Førde sentralsjukehus 80 koronaprøver. Ingen av desse gav utslag for covid-19.

I juni månad har laboratoriet analysert 737 prøver, men alle har vore negative for koronaviruset.

Per 6. juni er det ingen innlagde pasientar med stadfesta koronasmitte. Det er heller ingen heimeverande eller sjukmelde tilsette i Helse Førde grunna korona.