77 personar vart testa for korona siste døgn

Ingen nye har fått påvist smitte.

DEL

77 prøvar vart analyserte siste døgn. Ingen av prøvane var positive for Covid-19. Det kjende smittetalet i Helse Førde sitt område er derfor framleis 50 personar. Dette melde Helse Førde i si daglege oppdatering onsdag kveld.

Det er framleis ein pasient som er innlagd i Helse Førde med stadfesta Covid-19-smitte. Ingen koronapasientar får no intensivbehandling.

Til no er sju pasientar skrivne ut etter behandling for korona.

Tre av tre tusen tilsette er per no heimeverande eller sjukmelde som følge av korona. To av tre tusen tilsette er stadfesta smitta.

Artikkeltags