Gå til sidens hovedinnhold

77,5 prosent av dei vaksne i Sunnfjord kommune har fått andre dose

16 og 17-åringane får tilbod om andre dose om kring to månader, skriv kommunelegen.

Det er no sett totalt 28.924 doser med covid-19 vaksine i Sunnfjord kommune. Det skriv kommunelege Øystein Furnes i ei pressemelding måndag.

Der skriv han vidare at det er sett 15.741 av den første dosen og 13.183 av den andre dosen.

Av befolkninga over 16 år har totalt 89,2 prosent fått første dose. Av befolkninga over 18 år har 77,5 prosent fått andre dose.

16 og 17-åringane får tilbod om andre dose om kring to månader.

Denne veka, veke 38, får 12 til 15-åringane tilbod om sin første dose med vaksine på skulen. Det er førebels ikkje avklart om denne aldersgruppa også skal ha andre dose.

Massevaksineringa i Førdehuset held fram i veke 38 og 39, deretter vil resterande vaksineringsbehov bli dekt frå andre lokale, informasjon om dette kjem vi tilbake til, skriv kommunelegen


1. dose

2. dose

12-15 år

vaksinerast

veke 38

16-17 år

83,9 %

-

18-24 år

87,7 %

69,3 %

25-39 år

80,3 %

54,5 %

40-44 år

89,8 %

75,6 %

45-54 år

90,3 %

82,8 %

55-64 år

93,8 %

90,9 %

65-74 år

95,0 %

94,5 %

75-84 år

95,0 %

95,0 %

85+

95,0 %

90,8 %

Les også

Helsestyresmaktene tilrår auka beredskap i to år

Les også

– Nærmar oss tidspunkt for ein meir normal kvardag

Les også

Furnes: – Vi ventar på full opning av samfunnet no

Kommentarer til denne saken