Gå til sidens hovedinnhold

74 tilfelle av den sørafrikanske virusmutanten stadfesta i Noreg

Dei ferskaste tala viser at det til no er påvist 747 tilfelle av den britiske virusvarianten i Noreg og 74 av den sørafrikanske varianten.

Ifølgje Folkehelseinstituttets oversikt er det registrert 311 tilfelle av det britiske viruset i Viken, 222 i Oslo og 123 i Vestland fylke. Elles i landet er det langt færre tilfelle.

Av den sørafrikanske varianten er 37 av tilfella registrerte i Vestland, medan 23 tilhøyrer Nordland.

Det første tilfellet av den sørafrikanske varianten i Noreg er funnen i ei prøve teke i veke 53, medan det var i veke 5 spreiinga sette fart. Til no er 24 tilfelle stadfesta i testar tekne denne veka.

(©NPK)

Les også

Berre ein smitta i Askvoll så langt: – Nærkontaktane er sett i karantene

Les også

Rekordmange nordmenn vil ta koronavaksine

Kommentarer til denne saken