71 koronasmitta innlagde på norske sjukehus – elleve færre enn måndag

Av

71 personar er tysdag innlagde på norske sjukehus med koronaviruset. Samtidig er talet i respirator stabilt, viser ei oversikt frå Helsedirektoratet.

DEL

Måndag låg 82 koronasmitta personar på norske sjukehus. Talet på tysdag er det lågaste sidan 17. mars då 68 personar var innlagde.

47 personar er innlagde i Helse sør-aust, 12 i Helse vest, 6 i Helse nord og 6 i Helse Midt-Noreg.

Helseføretaka med flest innlagde er Oslo universitetssjukehus med 15, Helse Bergen med 9 og Akershus universitetssjukehus med 6.

Samtidig er 27 personar i respirator. Det er det same talet som måndag.

Så langt har 214 personar med koronaviruset døydd i Noreg. Ifølgje Meldingssystem for smittsame sjukdommar (MSIS) er 7.903 personar stadfesta smitta av viruset i Noreg.

Artikkeltags