Politiet har kome i kontakt med mannen som var sakna i Nærøyfjorden i Aurland kommune.

Vest politidistrikt skriv på Twitter klokka 13.10 at mannen er i god behald.

Det skal ha vore ein kombinasjon av ei mogleg misforståing og tekniske utfordringar med mobiltelefon som var årsaka til at familien ikkje fekk kontakt med mannen.

Ifølge Sogn Avis har politiet oppnådd kontakt med han på Austlandet.

– Slik det står fram for meg, har han ikkje forstått at nokon var uroa. Han har vore på tur og hatt det fint, men hatt utfordringar med mobilen sin. Men no er pårørande i kontakt med han igjen, seier fungerande tenestestadsleiar Jorunn Furuheim i politiet i Sogn.