– Det er ikkje noko pågåande leiteaksjon per no. Vi har sjekka ut dei opplysningane som vi har fått, og har ikkje kome noko vidare.

Det seier operasjonsleiar Dan Erik Johannessen ved Vest politidistrikt til Firda onsdag morgon.

Tysdag kveld vart det sett i gong ein leiteaksjon etter ein 70 år gamal mann. Han skal ha køyrt til Nærøyfjorden i Aurland kommune for å padle der måndag kveld.

Johannessen seier det vart gjort søk i det aktuelle området fram mot midnatt, tysdag. Hovudredningssentralen deltok òg i søket med helikopter utan at det vart gjort nokre funn.

– Så det er ikkje sikkert det er akkurat der han skal vere. Difor er vi litt avhengige av tips frå publikum som kan ha sett bilen eller kajakken til mannen, seier han.

Mannen køyrer ein raud Toyota Hiace, med ein raud kajakk på taket. Johannessen seier at politiet har oppretta sak, og starta etterforsking. Han seier at det i slike saker ofte blir henta inn informasjon frå til dømes banktransaksjonar og autopass-passeringar.

– No vert det å sjå om etterforskinga eller tips kan bringe oss vidare og gje oss eit betre bilde på kvar vedkommande kan vere.

Om du har tips i saka ber politiet om at du tar kontakt på 02800.