Gå til sidens hovedinnhold

7.250 registrerte koronatilfelle i Noreg – opp 84

Artikkelen er over 1 år gammel

Det var ved midnatt registrert 7.250 tilfelle av koronasmitte i Noreg, viser førebelse tal frå Folkehelseinstituttet.

Dette er ein auke på 84 tilfelle siste døgn. Dei siste to dagane er auken på 137 tilfelle.

Tala er henta frå Meldingssystem for smittsame sjukdommar (MSIS) og viser ei førebels oversikt.

I alt 144 personar får behandling på sjukehus for covid-19-sjukdom. Det var tysdag registrert 182 døde som følgje av sjukdommen.

Les også

FHI: Éin av hundre nordmenn har vore koronasmitta

Les også

Ein pasient får intensivbehandling for covid-19 – ligg ikkje i respirator

Kommentarer til denne saken