69 kommunar frå heile landet er råka av smitteutbrotet på Hurtigruta

Av dei er sju kommunar i Vestland fylke.

DEL

Det melder Folkehelseinstituttet laurdag.

Per kl. 19.30 har 35 personar fått påvist smitte etter to seglas med Hurtigruta MS Roald Amundsen, som la til kai i Tromsø på fredag.

Personar frå alle norske fylke har vore om bord – og utbrotet råkar totalt 69 kommunar, ifølgje FHI.

Per laurdag kveld er kommunefordelinga som følgjer:

Agder (4), Innlandet (5), Møre og Romsdal (3), Nordland (4), Oslo (1), Rogaland (8), Troms og Finnmark (7), Trøndelag (7), Vestfold og Telemark (5), Vestland (7), Viken (18).

– Passasjerane på dei to seglasa må i karantene, og blir følgt opp av den lokale helsetenesta der dei bur. Karantenen gjeld i ti dagar etter ein gjekk av skipet, seier avdelingsdirektør Line Vold i Folkehelseinstituttet.

– Dette er allereie eit stort utbrot, og vi er bekymra for ytterlegare spreiing, seier ho.

Kommuneoverlege i Sunnfjord, Øystein Furnes stadfestar til Firda at to personar frå Sunnfjord kommune er i karantene.

Tips Oss
MMS: FITIPS til 2005 EPOST: redaksjon@firda.no TLF: 57 83 33 33

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken