68 prøver analysert – ingen nye smittetilfelle i Helse Førde

Det er framleis 50 stadfesta tilfelle av COVID-19 i Helse Førde sitt område.

DEL

Per 7. mai klokka 22.30 er det ingen nye stadfesta smittetilfelle av koronaviruset i Helse Førde sitt område. Det siste døgnet har det vore analysert 68 prøver. Totalen ligg no på 2369 analyserte prøver.

Det er framleis ein person innlagd på sjukehuset med stadfesta smitte, men personen er ikkje til intensivbehandling.

Utskrivne pasientar: 7.

Heimeverande og sjukmelde tilsette pga. korona: 6 (av om lag 3000 tilsette).

Tilsette med stadfesta smitte: 2 (av om lag 3000 tilsette).

Artikkeltags