Gå til sidens hovedinnhold

60 prosent av cruisebesøka avbestilte i Nordfjord

Nordfjord Hamn er ikkje veldig optimistisk før cruisesesongen, og det kjem stadig inn nye kanselleringar.

– Vi har første anløp i Olden 8. juni, men eg blir ikkje overraska om også det går ut, seier assisterande hamnedirektør ved Nordfjord Hamn, Sølve Oldeide, til avisa Fjordingen. I fjor kom det første cruiseskipet til Olden i Stryn kommune 21. juni.

Han fortel at uvissa enno rår i cruisebransjen der mange skip ventar på at lokale og nasjonale retningslinjer skal gje klarsignal.

– Per i dag er det cirka 45 anløp igjen til Olden med om lag 90.000 gjestar. Det betyr at 60 prosent av anløpa allereie er avbestilte, men også desse er altså høgst usikre, seier hamnedirektøren.

Før koronapandemien var det venta 150 anløp til Olden i år, inkludert vintercruise.

– Det er mykje som rører seg, og vi er spente på korleis det slår ut med vaksinepass, men vi tør håpe på ein «boost» i haust, seier Oldeide.

Hamnedirektøren kan vise til ein auke i bestillingar som vil gje ein soleklar besøksrekord for Nordfjord Hamn neste sesong.

– Tidlegare har vi vore oppe i 140.000 cruiseturistar på eitt år, men i 2022 er det forventa 450.000 besøkjande til kaiane våre. Størsteparten anløpa er i Olden, fortel han til avisa.

Nordfjord Hamn administrerer sjøareal på vegner av tre kommunar i Nordfjord – Kinn, Stryn og Gloppen.

(©NPK)

Kommentarer til denne saken