59 koronasmitta innlagde på norske sjukehus

Av

59 koronasmitta pasientar er innlagde på sjukehus. Det er éin færre enn søndag. Samtidig får 17 pasientar behandling i respirator, som er éin meir enn dagen før.

DEL

38 personar er innlagde i Helse sør-aust, ti i Helse vest, seks i Helse Midt-Noreg og fem i Helse nord, ifølgje tal frå Helsedirektoratet.

Blant helseføretaka er flest pasientar innlagde på Oslo universitetssjukehus med 13 innlagde. Ved Helse Bergen er det sju innlagde koronapasientar, medan Akershus universitetssjukehus har fem innlagde.

220 koronasmitta personar i Noreg er døde per måndag. 8.106 personar var smitta av viruset per midnatt, ifølgje tal frå Meldingssystem for smittsame sjukdommar (MSIS).

Artikkeltags