Gå til sidens hovedinnhold

56 nye koronatilfelle torsdag

122 prøver vart analysert.

Torsdag analyserte Helse Førde 122 koronaprøver, blant dei var det 56 nye tilfelle av koronasmitte.

Dette er ein liten auke frå onsdagen, då helseføretaket avdekte 47 tilfelle. Til saman har det vore 235 nye tilfelle i Helse Førde sitt dekningsområde den andre veka av 2022.

Éin pasient er innlagd med stadfesta smitte. Vedkommande ligg på intensivavdelinga og får respiratorbehandling.

Som i øvrige rapportar understrekar Helse Førde at bildet frå rapportane ikkje nødvendigvis er komplett, då mange kommunar i deira område kan sende prøver til andre laboratorium. Rapportane tek heller ikkje med dei som har testa seg med hurtigtestar.

Kommentarer til denne saken