54 pensjonistar frå Vestlandet reiste til Italia fredag, reiseselskapet medgir at dei har bomma

Av

Sist fredag reiste 54 pensjonistar frå Flesland og Sola flyplass til Sorrento i Italia med reiseselskapet Vitus reiser. Etter at UD tysdag har rådd alle frå å reise til Italia, ønsker turistane no å reise heim.

DEL

Sist fredag reiste 54 pensjonistar frå Flesland og Sola flyplass til Sorrento i Italia med reiseselskapet Vitus reiser. Etter at UD tysdag har rådd alle frå å reise til Italia, ønsker turistane no å reise heim.

– Akkurat her har vi bomma litt, det gjekk ikkje heilt etter planen, seier dagleg leiar Håvard Moldskred i Vitus Reiser til NRK.

Reiseselskapet hadde avlyst alle reiser til Nord-Italia, men hadde ikkje venta at viruset ville spreie seg til områda i sør. Tysdag kom beskjeden frå UD om å avlyse alle Italia-reiser.

– Vi snakka med lokale styresmakter og agentar. Det har vore lite smitte i sør, så det var nok ingen som føresåg dette, seier Moldskred til NRK.

Han fortel at Vitus Reiser ikkje hadde fått noko signal om at situasjonen ville spreie seg til sør i Italia da dei gjorde vurderinga fredag, og at dei vurderer situasjonen fortløpande. Dei jobbar no med å ordne heimtransport til heile reisefølget, og lovar å dekke tap det vil medføre for dei reisande.

30 av pensjonistane har fått plass på eit KLM-fly til Stavanger fredag, og reisebyrået jobbar med å skaffe heimreise til turistane frå Bergen.

Moldskred fortel at dei reisande er ein frisk gjeng med pensjonistar og at stemninga i reisefølget er god, men at det er ei stor utfordring å ikkje vite kva situasjonen vil vere i området om fjorten dagar.

Artikkeltags