Vart kåra til årets 4H-klubb

VINNARANE: Naustda 4H frå Naustdal vart kåra til Årets 4H-klubb i 2017.

VINNARANE: Naustda 4H frå Naustdal vart kåra til Årets 4H-klubb i 2017. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

NAUSTDAL: Nausta 4H frå Naustdal er Årets 4H-klubb i fylket 2017.

DEL

– Veldig kjekt at vi vart Årets 4H-klubb! jublar leiaren i Nausta 4H, Ingrid Marie Vatne Rygg (14), i ei pressemelding.

Klubben har 28 medlemmer, noko som er nesten ei dobling av medlemstalet frå året før. I 2017 arrangerte dei 13 klubbmøte og seks styremøte, og dei gjennomførte tre andre arrangement og ei overnatting.

– Vi er veldit takknemlege for Klubbrådgjevarane våre, seier den unge leiaren, som får støtte frå den tidlegare leiaren for klubben, Synnøve Skjærli (17).

– Hjelpa vi får frå dei betyr mykje for klubben, dei stiller alltid opp når vi har behov for hjelp, seier Skjerli.

Overnatting

4H-klubben starta året med spelekveld der dei inviterte alle 4.-klassingane, og dette vart stor suksess. Dei arrangerte også pangstart med natursti og mat på bålpanne, gjennomførte påskeverkstad med ulike aktivitetar, deltok på Sandensøndag, arrangerte overnatting på Sanden med både fisking og bållaging, gjennomførte haustfest og var med på Superhelg, fylkesleir og Nordisk 4H-leir.

– Det kjekkaste i klubben var nok den regnfulle overnattinga på Sanden i Naustdal. Vi hadde det veldig gøy og regnet stoppa oss ikkje, fortel Vatne Rygg.

– Det var nok det mest minnerike i heile året, seier Skjærli.

Framtidsplanar

Den aktive 4H-klubben har ikkje tenkt å trappe ned på aktiviteten, og har også spennande planar for 2018.

– Vi har ulike tradisjonar som vil halde fram med også i år. Å vere med i 4H er kjekt, seier Vatne Rygg.

Det er fylkesstyret i 4H Sogn og Fjordane som kvart år kårar Nordfjord,- Sunnfjord- og Sognemeister blant 4H-klubbane i fylket. Av desse tre vert ein vald til Årets klubb. Sognemeister i 2017 vart Fresvik 4H i Vik, Nordfjordmeister vart Bukta 4H på Sandane, og Sunnfjordmeister og Årets klubb vart Nausta 4H. Årets 4H-klubb fekk diplom og eit tinnkrus, som dette året var sponsa av Felleskjøpet Agri SA og vart delt ut på årsmøtet i 4H Sogn og Fjordane i februar.

Artikkeltags