Gå til sidens hovedinnhold

47 nye koronasmitta i Helse Førde

Det vart analysert 87 koronaprøver onsdag.

Blant dei 87 koronaprøvene Helse Førde analyserte onsdag var det 47 positive tilfelle.

Det er betydeleg mykje mindre enn dagen før. Då var det 126 nye tilfelle, som også er rekord for helseføretaket.

Til saman har Helse Førde avdekt 258 koronatilfelle denne veka.

Det er éin person innlagd ved Førde sentralsjukehus med stadfesta covid-19-smitte. Vedkommande er på intensivavdelinga og får respiratorbehandling.

Som i øvrige rapportar understrekar Helse Førde at bildet frå rapportane ikkje nødvendigvis er komplett, då mange kommunar i deira område kan sende prøver til andre laboratorium. Rapportane tek heller ikkje med dei som har testa seg med hurtigtestar.

Kommentarer til denne saken