Utrykkingspolitiet heldt tysdag fartskontroll på E39 gjennom Myrmel. I løpet av den tida skreiv dei ut 45 bøter. Ein førar måtte også levere frå seg førarkortet, og blir politimeldt for å ha køyrt i 86 km/t.

Ein førar fekk seg også ein bot på 5000 kroner for å bruke mobilen medan han køyrde.