Gå til sidens hovedinnhold

40 nye nærkontaktar i Gloppen

Laurdag 23. oktober testa fire nye personar i Gloppen positivt for korona.

Det skriv kommunen i ein pressemelding laurdag ettermiddag. Alle fire var nærkontaktar til dei tre som testa positivt fredag.

Dei nye smittetilfella gjer at rundt 40 nye personar har blitt definert som nærkontaktar i kommunen. Det er også nærkontaktar knytt til Stad og Stryn kommunar.

Alle identifiserte nærkontaktar skal ha vorte kontakta og har fått utlevert testar, står det i pressemeldinga.

Firda Tidend melde saka først.

Les også

Tre smitta i Gloppen – 60 rekna som nærkontaktar

Les også

Éin ny elev stadfesta med korona i Naustdal. No er tre stadfesta smitta