Årsaka til forseinkingane var at eit plastrøyr i sjøen delvis blokkerte ferjekaien på Fodnes.

Det var då iverksett tiltak for å fjerne dette.

Trafikkoperatør Kjetil Larsen fortel til Firda klokka 16.40 at han akkurat då fekk melding om at det no var ordinær drift att på sambandet.

– Røret skal ha vore om lag 40 meter langt, og ha hatt ein diameter på 20 centimeter, seier Larsen om røyret som førte til forseinkingane.

Han fortel at dette også er noko som skal ha skjedd tidlegare, og ein mistenker at røyra stammar frå næringsveksemd i nærleiken.

Nøyaktig korleis ein fekk fjerna røyret denne gongen fortel trafikkoperatøren at han ikkje er informert om, men han fortel at Kystverket kalla ut ei redningsskøyte frå Leikanger til oppdraget.