40 meter breitt ras dundra nedover fjellsida i Olden

STORT SNØSKRED: Då naudetatane kom fram til staden vart dei møtt av dette synet.

STORT SNØSKRED: Då naudetatane kom fram til staden vart dei møtt av dette synet. Foto:

Ingen er tekne av raset, opplyser Vest politidistrikt.

DEL

Raset gjekk søndag og vart meldt klokka 16.35.

– Det blir skildra som ca. 40 meter breitt og fem meter høgt. Naudetatane er framme, seier politiet litt før halv seks.

Operasjonsleiar Dan Erik Johannessen seier til Firda at det var observert folk i området like før raset gjekk.

– Dette er eit turterreng. Alle naudetatane rykte ut, men det vart fort konstatert at ikkje nokon var tekne, seier operasjonsleiaren.

Skredet har gått på vestsida av Oldeelva i nærleiken av sentrum.

Artikkeltags