Laurdag kveld gjekk det eit jordras på fylkesveg 5724 mellom Briksdalen og Olden i Stryn.

Vegen har vore stengd sidan. Entreprenørar frå Statens vegvesen jobbar no med å rydda vegen.

Raset skal ha vore 40 meter breitt og 1,5 meter høgt.

– Oppryddingsarbeidet vil halde fram utover ettermiddagen. Klokka 17 vil det komme ny vurdering, skriv vegtrafikksentralen på Twitter.