Gå til sidens hovedinnhold

380 nye koronasmitta siste døgn – 58 fleire enn for ei veke sidan

Det siste døgnet er det registrert 380 koronasmitta i Noreg. Det er 130 fleire enn dagen før og 58 fleire enn same dag førre veke.

I alt var det ved midnatt natt til tysdag registrert 38.703 koronasmitta personar her i landet, viser førebelse tal frå det nasjonale meldesystemet for smittsame sjukdommar (MSIS).

Dei siste sju dagane er det registrert til saman 2.553 nye smittetilfelle i Noreg. Nærare 2,4 millionar personar er til no testa for koronavirus i Noreg.

151 koronapasientar var måndag innlagde på sjukehus. Det var 19 fleire enn dagen før.

Til saman er 359 koronasmitta personar døde i Noreg sidan mars, viser førebelse tal. Om pasientane har døydd av eller med covid-19, er ikkje alltid mogleg å slå fast.

63,8 prosent av alle døde har fylt 80 år. I aldersgruppa under 50 år er det meldt om ni dødsfall i Noreg.

Kommentarer til denne saken