37 er testa i Sunnfjord. Framleis berre ein smitta

DEL

Kommuneoverlege Øystein Furnes i Sunnfjord kommune seier at per 14. mars er 37 personar testa for korona i Sunnfjord.

9. mars vart det påvist smitte hos ein person i Sunnfjord. Personen vart smitta i utlandet.

– Til no har vi testa 37 personar. 31 av dei er negative. Fem vil vi få svar på i løpet av ettermiddagen laurdag, seier Furnes.

Han legg til at det er låg mistanke om smitte hos dei fem siste prøvane.

Skal teste færre

Etter dei nye retningslinjene som kom fredag, så blir det ei ny tilnærming til testing, også i Sunnfjord.

– Hovudprioriteringa framover skal vere å identifisere covid-19 tilfelle der det er risiko for spreiing i helseinstitusjonar og smitte til sårbare grupper, seier Furnes.

Han seier at dette vil kunne innebere at det blir eit gap mellom folk sine forventingar om å bli testa, og behovet for tydeleg prioritering av knappe ressursar.

Artikkeltags