32 tilsette mistar truleg jobben i Stad kommune

I ei julehelsing til dei tilsette i Stad kommune kjem kommunen med ei nyheit som er ikkje er ein god julepresang.

DEL

Brevet er skrive av kommunedirektør Åslaug Krogsæter.

– Vi skulle tru det var nok med pandemi og ny kommune med alt det inneber, men situasjonen er dessverre slik at ressursane ikkje strekker til med den drifta vi har i dag, skriv Krogsæter.

Kommunen har no vedteke reduserte rammer for alle sektorane og dei har så vidt starta på ein plan for nedbemanning.

– Vi kan ikkje garantere at alle får halde fram i stillinga dei har i dag, skriv Krogsæter vidare.

Til VG opplyser kommunedirektøren at det er 32 tilsette som kjem til å miste jobbane sine i løpet av dei neste to åra.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken