Den lokale UP-patruljen har hatt to fartskontrollar dei siste dagane. Tysdag hadde dei laserkontroll i 80-sone på fv 60 ved Olden. Ni bilførarar fekk forenkla førelegg, høgste hastigheit vart målt til 97 km/t.

Onsdag hadde UP laserkontroll i 50-sona på E39 gjennom Vassenden. Der vart 22 bilar vinka inn for for høg fart. Høgste fart var 62 km/t. Her måtte også ein bilførar ut med 7500 kroner for mobilbruk under køyring.