Gå til sidens hovedinnhold

300 millionar til tunnel i Volda – nei til Vikafjellstunnelen

Det er glede i Volda i Møre og Romsdal etter at det vart klart at det er sett av pengar i Nasjonal transportplan til ein ny tunnel mellom Volda og Furene.

Tunnelen skal sile gjennomgangstrafikken utanom sentrum av skulebygda. Rundt 30 prosent av kostnadene skal takast inn ved hjelp av bompengar.

– Dette er ein milepæl for Volda-samfunnet. Dette har vi jobba hardt for i mange år, seier tidlegare ordførar i Volda, Arild Iversen (KrF), til NRK.

Ein ny tunnel vil koste rundt ein milliard kroner, opplyser leiaren i transportkomiteen på Stortinget, Helge Orten (H).

Medan det er glede i Volda, er det stor skuffelse i Vik i Sogn og Fjordane. Tunnelen gjennom Vikafjellet kom ikkje med i samferdsleminister Knut Arild Hareide (KrF) sitt forslag til Nasjonal transportplan for 2022 til 2033 fredag.

– Årsaka er at det har kome store og kostbare prosjekt, som gjer at tunnelen datt ut. Dette sjølv om dei hadde Vikafjellstunnelen høgt på lista, seier ordførar Roy Egil Stadheim (Ap) til Sogn Avis.

(©NPK)

Kommentarer til denne saken