30 bøter og eit førarkortbeslag på E39

DEL

Utrykkingspolitiet hadde tysdag ettermiddag og kveld fartskontroll i ei 60-sone ved Håheim i Jølster. Kontrollen gjekk føre seg mellom klokka 17.45 og 21.45.

Det vart skrive ut heile 30 forenkla førelegg. Høgste målte fart av dei som fekk behalde førarkortet var 84 kilometer i timen.

Ein mann i 20-åra frå Rogaland må finne seg ein annan måte å komme seg heim på enn å køyre bil. Han vart teken etter å ha køyrt i 87 kilometer i timen, og førarkortet hans vart beslaglagt.

Eit førelegg vart også skrive ut for ulovleg bruk av mobiltelefon under køyring.

Artikkeltags