27 køyrde for fort, ein mista lappen og ein køyrde utan førarkort

UP hadde torsdag kontroll i ei 60-sone på E39 i Hornindal. Dei fekk mykje å ta tak i.

DEL

Kontrollen vart halden i ei 60-sone. Dei brukte laser, og i løpet av den tida dei stod der skreiv dei ut heile 27 forenkla førelegg.

Høgste målte fart var 80 kilometer i timen.

Ein mann i 50 åra køyrde i 92 kilometer i timen. Han fekk inndratt førarkortet, og var politimeld.

Men det stoppa ikkje der. UP stoppa også eit kjærastepar i 20-åra frå Austlandet. Mannen som køyrde bilen hadde ikkje gyldig førarkort, men kjærasten hadde likevel overlèt køyring av bilen til ho. Dermed blir dei begge politimelde.

I tillegg vart det skrive ut to forenkla førelegg for ulovleg bruk av mobiltelefon.

Artikkeltags