Gå til sidens hovedinnhold

255 fekk svar på koronaprøva

Alle testane var negative.

Laurdag analyserte Helse Førde 255 koronaprøver. Ingen av dei gav utslag på covid-19-viruset.

Dette er tre dagar sidan sist gong helseføretaket melde om null nye smitta.

Hittil denne veka har Helse Førde analysert 1681 koronaprøver. 10 av dei har vore positive.

Det er ingen pasientar som er innlagd med påvist koronasmitte, melder helseføretaket.

Helse Førde gjer oppmerksam på at dette ikkje er ei komplett liste over alle prøvesvar frå området til Helse Førde, men resultatet frå prøvene dei sjølv analyserer.