25 personar må i karantene etter nærkontakt med koronasmitta lege

Må rett i karantene og blir testa for korona.

DEL

Fredag blei det kjent at ein svensk vikarlege ved Nordfjord sjukehus har fått korona.

Sidan dette blei påvist, har Helse Førde kartlagt pasientar og tilsette ved Nordfjord sjukehus som har hatt nærkontakt med den aktuelle legen.

Resultatet av smittesporinga er at 25 pasientar og tilsette har hatt nærkontakt med legen.

Det melder Helse Førde i ei pressemelding laurdag kveld.

Karantene og testing

Tiltaka for desse 25 er karantene og testing. Resultat av testar kjem måndag og tysdag.

– Ingen av dei som har hatt nærkontakt med den smitta legen, har så langt vist symptom på å vere sjuke, seier direktør for medisinsk klinikk, Trine Hunskår Vingsnes i pressemeldinga.

Åtte polikliniske pasientar har vore i nær kontakt. I tillegg kjem sju inneliggande pasientar.

Ti tilsette i karantene

Seks av desse er isolerte på einerom ved Nordfjord sjukehus. Den sjuande var overført til Førde sentralsjukehus før det blei kjent at legen var smitta, og er isolert der. Ti tilsette er sette i karantene. Dei skal vere i karantene i ti dagar, melder Helse Førde i pressemeldinga.

Pasientar som treng innlegging, blir sende til Førde sentralsjukehus fram til situasjonen er avklara på Nordfjord sjukehus.

Artikkeltags