Laurdag fekk kommunen eit brev frå 25 grunneigarar med rettar i Snøheia. Det er i dette området Hydro, Eviny og Zephyr ønsker å etablere eit vindkraftverk.
I brevet kjem det fram at grunneigarane seier nei til vindkraft i fjella mellom Høyanger og Sunnfjord kommunar.
– Fjellområdet er kjenneteikna av vakker og intakt natur. Det har høg verdi som turområde, hytte- og stølsområde, jakt og fiskeområde og beiteområde, både for fastbuande og mange hytteeigarar. Desse verdiane vil verte øydelagde med vindkraftutbygging, skriv dei i brevet.

– Vi trur at mange som ikkje har så sterke meiningar ser fordelane med vindkraftutbygginga
Dei skriv vidare at deira val som grunneigarar vil vere med å påverke heile lokalmiljøet og bygdene rundt dei:
– Vindkraft i fjella vil øydelegge bukvaliteten i dalføra rundt fjellområdet. Spesielt vil Viksdalen, Hestadgrend, nordre delar av Sande, Årbergsdalen, Øksland og Vadheimsdalen vil få sin naturhorisont nedbygd. Naturkvalitetane som ligg til grunn for reiseliv og bulyst, og dessutan verdiar i eigedomar vil bli kraftig redusert i dette området. Dette kan vi ikkje vere ansvarlege for.
Det siste nei-standpunktet er at dei ikkje meiner Sogn og Fjordane har mangel på kraft.
– Delar av fjellområdet mellom Høyanger og Sunnfjord har bidratt med vasskraft til samfunnet i 100 år. I Sogn og Fjordane er det eit stort årleg kraftoverskot. Å byggje ned fjella våre med vindkraft med grunngjeving om at det manglar kraft, er difor ikkje rett.
Brevet er signert av: Marit Svortevik, Per Lien, Steinar Følid, Ole Martin Lilleby, Ingunn Kjelstad, Olav Vågen, Aud Øvrestrand, Kjell Lien, Steinar Lien, Harry Årlid, Karsten Hestad, Solveig Solås, Øystein Nøtsund, Anh Loan Thi Le, Jarle Olsen, Jorunn Olsen, Ann Iren Ness, Martin Olav Senneset, Ole Morten Senneset, Svein Rune Kyrkjebø, Marit Smelvær Kyrkjebø, Hanne Elin Skår, Harald Støfringsdal, Terje Berg og Arne M. Bekkevoll.
Les meir om vindkraft-saka her:

Erna og Høgre vil ha rask vindkraftutbygging på Snøheia. Om kommunane vil

Sande: – Eg forstår frustrasjonen over at Høyanger plutseleg mistar millionar

Det er allereie vegar i området, sa Hydro. Men i planområdet finst det ikkje ein einaste veg

Oppheta stemning på grunneigarmøte om vindkraft: – Skal dei bygge på vår grunn, må dei ta den frå oss

100 møtte opp i Førde for å vise motstand mot vindkraft
