Gå til sidens hovedinnhold

24 nye koronasmitta i Helse Førde

Helse Førde analyserte 583 koronaprøver torsdag, og av dei gav 24 utslag på covid-19. Desse prøvene er tekne i Stad, Sunnfjord og Sogndal kommunar. Det melder helseføretaket på sine heimesider fredag.

Eitt av desse tilfella vart kjent torsdag morgon, og er knytt til smitten ved skulen på Mo.

Helse Førde gjer merksam på at kommunen for prøvetaking er ikkje nødvendigvis kommunen der pasienten bur eller har folkeregistrert adresse.

Les også

Rektor: – No stenger vi ned. Det må vi gjere

Les også

Elevar ved Mo i karantene: – Det er vanskeleg å halde dei ordinære reglane