Helse Førde meldte torsdag på sine heimesider at 22 av 202 analyserte koronaprøver frå gårsdagen var positive.
Dei positive prøvene fordeler seg slik:
Sunnfjord: 4
Gloppen: 1
Årdal: 9
Luster: 1
Lærdal: 2
Sogndal: 2
Vik: 2
Kommunen for prøvetaking er ikkje nødvendigvis kommunen der pasienten bur eller har folkeregistrert adresse.
Klokka 09:15 opplyste smittevernlege Halvard Seljesæter at det berre blei registrert fire smitta i Sunnfjord i går. Ein registreringsfeil hos Helse Førde gjorde til at ein person som ikkje var testa i Sunnfjord blei registrert som det. Derfor meldte Firda først at det var fem nye smittetilfelle i kommunen.