200.000 studentar får denne veka tilbod om tilleggslån

LÅN: – Desse pengane sørgjer for at mange studentar som er i ein vanskeleg økonomisk situasjon, får meir pengar å rutte med, seier forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim (H).

LÅN: – Desse pengane sørgjer for at mange studentar som er i ein vanskeleg økonomisk situasjon, får meir pengar å rutte med, seier forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim (H). Foto:

Av

Gjennom veka får over 200.000 studentar tilbod om tilleggslån på 26.000 kroner, som skal gå til dei som har mista inntekt på grunn av koronakrisa.

DEL

For å få pengane på konto må studentane kunne dokumentere at dei har mista inntekt på grunn av koronakrisa.

– Desse pengane sørgjer for at mange studentar som er i ein vanskeleg økonomisk situasjon, får meir pengar å rutte med, seier forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim (H).

Studentane vil få ein e-post frå Lånekassen, som vil bli send ut puljevis over fleire dagar. Dei som har rett til det, kan logge seg inn for å søkje på tilleggslånet, der 8.000 kroner blir omgjort til stipend.

Dei som søkjer, må fylle inn ei eigenerklæring som stadfestar nedgang i inntekt mellom 1. mars og 15. juni 2020 på grunn av koronautbrotet. Pengane vil bli utbetalte i løpet av nokre dagar.

Artikkeltags