20 milliardar til eksportørane i revidert

Av

Regjeringa set av 20 milliardar kroner i revidert nasjonalbudsjett til ei ordninga som skal sikre innanlands handel og eksport av sjømat og industrivarer.

DEL

– Det er viktig for norsk økonomi at handelen går så normalt som mogleg. Eg er glad for at vi no får på plass ei ordning som sikrar norske næringsaktørar i ein periode med stor uvisse i marknaden, seier næringsminister Iselin Nybø (V) i ei pressemelding.

Den nye ordninga i GIEK (Garantiinstituttet for eksportkreditt) skal sørgje for at norsk næringsliv framleis kan få kredittforsikring.

Denne typen forsikring blir brukt ved sal på kreditt, både innanlands og ved eksport, og sørgjer for at seljar får tilbake delar av salssummen dersom kunden går konkurs eller ikkje kan betale.

Handsrekking til sjømatnæringa

Kortsiktig kredittforsikring er mykje brukt av sjømatnæringa.

Fiskeri- og sjømatminister Odd Emil Ingebrigtsen (H) viser til at innanlands sal og eksport av sjømat utgjer om lag 40 prosent av det totale forsikra volumet for kredittforsikringsselskapa i Noreg.

– Den norske sjømatnæringa eksporterer varer for over 100 milliardar kroner i året på kreditt. Dette er eitt av dei viktigaste verkemidla for å sikre sjømateksporten framover, seier han.

Staten tek risikoen

Regjeringa peikar på at dei økonomiske følgjene av koronaepidemien har gjort det meir sannsynleg at fleire bedrifter går konkurs. Dermed aukar risikoen for avtalebrot. Som ei følgje av det har dei private kredittforsikringsselskapa i Noreg redusert tilbodet til næringslivet.

Garantiordninga gjer at staten og forsikringsselskapa deler risikoen for tap opp til ei grense på 1,8 milliardar kroner. Staten tek risikoen for tap mellom 1,8 og 20 milliardar kroner, medan forsikringsselskapa må ta all risiko for tap over 20 milliardar kroner.

Ordninga må godkjennast av tilsynsorganet ESA.

Artikkeltags