Gå til sidens hovedinnhold

20 meter breitt snøskred rasa over veg i Sogn

Alle naudetatane rykte ut til staden.

Klokka 15:17 fekk Vest politidistrikt melding om at eit snøskred har gått over fylkesveg 55, Sognefjordsvegen i Leikanger i Sogn.

Både Vest politidistrikt og Statens vegvesen opplyste først at skredet hadde gått over riksveg 13. Det er fylkesveg 55 som er rett.

Ifølge politiet var raset stort, og det var lenge uklart om bilar eller folk vart tekne av raset.

– Det har ikkje blitt observert nokon, melde politiet på Twitter.

Fleire skred

Klokka 15:40 opplyste politiet at det skal ha gått fleire skred, og at det var ei blanding av snø- og jordmassar i skredet.

Skredet skal ha vore 20 meter breitt og mellom 3–4 meter høgt.

I samband med raset blei det kalla ut fleire ressursar, mellom anna frivillige og redningshelikopter.

– Det er ikkje meldt at nokon er teke av skredet. Jobbar med å avklare dette, skriv politiet.

Les også

Søkte etter folk i snøskredet. – Har avslutta redningsaksjonen

Kommentarer til denne saken