Gå til sidens hovedinnhold

19- åring til sjukehus etter slagsmål i Førde sentrum

– Vi har ei viss forståing av kva som har skjedd, seier politiet.

Ein 19 år gamal mann blei like over midnatt natt til laurdag slegen ned i Førde sentrum.

Politiet trur ein annan mann på om lag same alder står bak valdshendinga.

19- åringen blei frakta til sjukehuset i Førde for å få helsehjelp:

– Han skal ha sydd nokre sting i ansiktet, seier Guro Huus Folkestad ved politiet i Førde til Firda laurdag morgon.

Ut frå det ho har grunn til å tru, kunne tenåringen reise heim til seg sjølv etter at han blei plastra i hop.

Huus Folkestad seier til Firda at dei jobbar vidare med saka.

– Vi har ei viss forståing av kva som har skjedd, men vi må snakke med partane i dag og eventuelle vitne for å sjå om vi får meir informasjon.