Gå til sidens hovedinnhold

185 personar testa seg for koronaviruset fredag

Ingen av prøvene viste seg å vere positive for viruset, melder Helse Førde.

Det vil seie at det har gått 13 dagar på rad utan ny smitte i Sunnfjord kommune.

Den siste veka har det berre vore ein ny smitta i Helse Førde sitt område. Den smitta personen er arbeidsinnvandrar i Florø, og sat i innreisekarantene.

Det er ingen innlagde pasientar med stadfesta covid-19 smitte.

Les også

Tre veker utan smitte. Måndag kjem eit nytt lysteikn

Les også

Ny smitte i Kinn. Testa først negativt

Kommentarer til denne saken