Gå til sidens hovedinnhold

404 - File Not Found

[]

18 nye koronasmitta påvist i Stad torsdag

I løpet av torsdag blei det påvist 18 nye tilfelle av koronasmitte i Stad kommune.

[Firdaposten]: Onsdag vart rundt 90 personar koronatesta i Stad kommune. I går kveld var resultata klare, og det blei funne 13 smitta i Selje og fem i Nordfjordeid, melder kommunelegen i Stad, Thomas Vingen Vedeld.

Desse testane var første test av nærkontaktar til nyleg påvist smitta personar i Selje, samt oppfølgjande testing av personar i karantene frå husstandar med allereie påvist smitte. Det blei også testa nokre personar på grunn av symptom på at dei var sjuke.

- Testresultat torsdag kveld viser at åtte personar innanfor ein husstand og tre personar innanfor ein annan husstand i Selje har fått påvist smitte. Begge familiane har tilknyting til vaksenopplæringa i Selje og vart sett i karantene allereie tysdag kveld på grunn av mistanke om at det kunne finnast smitte i dette miljøet, skriv Vedeld i ei pressemelding som kom ut like før midnatt torsdag.

Barnehageborn smitta

Blant dei som testa positivt er det også born heilt ned i barnehagealder og skuleborn. Mange av dei som testa positivt er knytt til eit fåtal familiar, men det er også eit smittetilfelle med ukjend smitteveg.

No ber kommunelegen folk om å ha låg terskel for å teste seg, viss dei får symptom på at dei kan vere sjuke.

Fredag morgon melder Helse Førde om totalt 24 smitta siste døgnet. Dette er inkludert dei smitta i Stad. I tillegg til Stad kommune er det påvist smitta personar i Sunnfjord og Sogndal kommunar.