18 førarar gjekk i fella på E39
Politiet fekk det travelt då dei kontrollerte farten til bilistane ved Skilbrei.
Utrykkingspolitiet hadde måndag føremiddag fartskontroll i 70-sona på E39 ved Skilbrei.
Kontrollen varte frå klokka 08.50 til 12.20 og totalt fekk 18 førarar forenkla førelegg. Høgste fart vart målt til 94 km/t.
Så pakka dei ned og flytta seg til Halbrendslia for åtferdskontroll. Der fekk ein bilførar bot for å ha brukt mobilen under køyring.
Søndag kveld var også Up-patruljen i Nordfjord ute på vegen. På fv. 60 i Innvik tok dei sju førarar for å ha køyrt for fort i 70-sona.
Tips Oss
MMS: FITIPS til 2005 EPOST: redaksjon@firda.no TLF: 57 83 33 33