Gå til sidens hovedinnhold

18 bilistar tatt på to dagar. Ein var på nippet til å miste lappen

Artikkelen er over 1 år gammel

Utrykkingspolitiet i Nordfjord har dei siste to dagane hatt laserkontroll tre stadar på E39.

Torsdag stod dei klar i 50-sona på Nordfjordeid. Der vart seks bilistar tatt for å køyre for fort. Høgste fart vart målt til 73 km/t. Lappen ryk ved 76 km/t, ifølgje vegtrafikklova.

I same kontroll fekk også ein ung mopedist pålegg om å fikse registreringsskiltet. Det var nemleg montert feil.

Lenger sør, på Klakegg i Jølster, tok dei seinare ni førarar for å køyre for fort. Den høgste farta der var 102 km/t i 80-sona. To førarar fekk også bot for bruk av mobiltelefon.

Også onsdag var Up-patruljen på jobb. Då stod dei i Årdalen i Jølster og tok tre førarar i 80-sona. Den med høgst fart vart målt til 101 km/t.

Les også

Kritisk til politiets koronarutinar: – Verkar som dei ikkje tar det på alvor