Gå til sidens hovedinnhold

18-åring omkom i badeulykke i Lærdal

Artikkelen er over 1 år gammel

Vest politidistrikt skriv i ei pressemelding at det var Ingar Molde Paaske (18) sin var involvert i badeulykka i Lærdal onsdag ettermiddag.

Han vart erklært død natt til torsdag.

Politiet har frigitt namnet i samråd med dei pårørande.

Det vert også opplyst at Lærdal kommune har sett ned kriseteam. Politiet har oppretta undersøkingssak og jobbar med å få oversikt over kva som hende.

– Ein tragedie

– Dette er ein tragedie for ein liten kommune som Lærdal, ikkje minst for dei pårørande. No er det viktig å ta vare på kvarandre og støtte kvarandre så godt vi kan, sa ein tydeleg rørt ordførar Audun Mo då han orienterte kommunestyret om saka torsdag føremiddag, skriv Sogn Avis.

Les også

Ung mann meldt forsvunnen i sjøen i Lærdal – funnen av dykkarar

Les også

Reagerte lynraskt då alarmen gjekk: – Veldig mange er sterkt prega

Kommentarer til denne saken