18-åring mistenkt for fyllekøyring

DEL

Ein ung sjåfør på 18 år i Høyanger blei stoppa av politiet fredag kveld like før midnatt.

– Patruljen kom tilfeldigvis over bilen og stoppa føraren. Han stod fram som rusa og dei tok han difor med til legevakt, seier operasjonsleiar Tatjana Knappen i Vest politidistrikt.

Her blei det teke blodprøve av den unge sjåføren, som no er politimeld for køyring i påverka tilstand.

Artikkeltags