– Vi blir fantastisk heldige med 17. mai-vêret

TØRT: No ser det ut som 17.mai-vêret blir slik som vi vil ha det. Slik det også var på Sande for eit par år sidan når dette blidet blei teke.

TØRT: No ser det ut som 17.mai-vêret blir slik som vi vil ha det. Slik det også var på Sande for eit par år sidan når dette blidet blei teke.

Artikkelen er over 2 år gammel

VÊR: Prognosane har vore veldig usikre, men det ser ut til å bikke rette vegen nasjonaldagen.

DEL

Få dagar i året betyr vêret meir enn på nasjonaldagen, og om du er spent på om du må ha med paraply eller solbriller, kan vi gi deg godt nytt:

– Vi blir yttarst heldige, seier meteorolog i Storm Geo, Frode Håvik Korneliussen, til Firda.

Veldig usikre prognosar

Prognosane har nemleg vore veldig usikre og har vippa fram og tilbake.

– Prognosane har gått mot ein ganske regntung dag og til litt betre vêr. Men no ser det ut til å bikke rette vegen, så vi er ganske heldige. 17. mai blir nemleg skvist inn mellom to veldig våte dagar, så det klaffar perfekt, seier Håvik Korneliussen.

– Det ser veldig bra ut for heile fylket. Tidleg på dag kan det vere at det ligg nokre regnbyer att, men eg trur nok at når dei første barnetoga er i gang, så er det allereie opphaldsvêr.

Blir den beste dagen i veka

Temperaturane vil ligge på 15–17 grader midt på dagen, men ute på kysten ligg dei rundt 13–14 grader.

Medan tysdag og torsdag blir regntunge, blir helga betre att, lovar meteorologen. 

– Men det er nok 17. mai som blir den beste dagen reint vêrmessig denne veka, så det var god klaff. 

Artikkeltags