17. mai-toget går ikkje forbi Helsetunet i år. Sjekk den nye ruta

TOGET: Bilde frå 17.mai-toget i fjor.

TOGET: Bilde frå 17.mai-toget i fjor. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

17. MAI: På grunn av anleggsarbeid kan ikkje toget gå forbi aldersheimen. Her finn du heile 17.mai-programmet i Førde.

DEL

– Vi er ved Helsetunet klokka 09 med flaggheising, og etterpå skal med Førde skulemusikkorps spele der inne, seier Bjørn Harald Haugsvær, leiar for 17.mai-komiteen.

Men om bebuarar på Helsetunet vil sjå toget, må dei stille seg opp langs ein ny trase. På grunn av gravearbeidet i området mellom Førde barneskule og aldersheimen, kan ikkje toget følge same rute som før.

NY TRASE: Toget startar på kunstgrasbana og følger gangvegen ned forbi NRK Sogn og Fjordane

NY TRASE: Toget startar på kunstgrasbana og følger gangvegen ned forbi NRK Sogn og Fjordane Foto:

Elles melder Haugsvær at 17. mai-komiteen har alt under kontroll seks dagar før den store dagen. Parkeringsplassen framfor Førdehuset har lenge vore delvis oppgravd grunna arbeidet med å legge fjernvarmekablar.

– No er området framfor Førdehuset asfaltert og det er lagt belegningstein, så der ser alt heilt fint ut, seier han.

Hovudtalaren i idrettshallen i år blir Hilde Bjørkum, som nyleg melde at ho gir seg som direktør for Førdefestivalen.

– Ho har jo hatt ei lang karriere som festivaldirektør, så vi tenkte at ho må få denne sjansen før ho gir seg. Det var sånn sett eit naturleg val i år. Ho har erfaring med å samle heile verda i Førde kvart år, ho kjenner byen, dei som kjem hit og kva dei seier om plassen vår. Eg syntest det var kjekt at ho hadde lyst til dette, seier Haugsvær.

Meteorologen har så langt komme med ganske pesimistiske spådommar for 17. mai.

– Er de bekymra for været?

– Nei, det er vi ikkje. Det var nokre år vi hadde folkefesten ute på stadionen. Men no er den lagt inn i idrettshallen, og då har vi éi bekymring mindre. Om det regnar, kjem ein i alle fall i hus når toget er ferdig. Det er alltid spennande å sjå korleis vêret blir, men vi kan ikkje gjere noko med det.

Her er programmet:

  • Kl. 07.00: Salutt
     
  • Kl. 09.00: Flaggheising ved Førde helsetun, hovudinngangen
    Fanfare v/Kristina Aase Fransson
    Flaggheising v/Førde speidargruppe og KFUM-KFUK speidarane
    Appell ved Asmund Friborg, medlem av 17. mai komitéen
    Førde skulemusikkorps spelar
     
  • Kl. 09.15: Avmarsj frå Førde helsetun til Førde kyrkje
    Førde skulemusikkorps spelar
     
  • Kl. 09.45: Festgudsteneste i Førde kyrkje          
    Prest: Kåre Knutsen Bratten
    Kantor Gro Anthun
    Førde Kyrkjekor
  • Kl. 10.30: Oppstilling til tog på kunstgrasbana, Førde stadion
    "Ja, vi elsker" – 2 vers, felleskorps, dirigent Arvid Anthun.
  • Kl. 11.00: Avmarsj 17. mai tog 
    Kunstgrasbana (v/Førdehuset) – Lars Askevolds veg – Prestebøen – Angedalsvegen  –Storehagen (Firda billag) – Naustdalsvegen – Storehagen bru – Hafstadvegen – Langebrua – Angedalsvegen – Prestebøen – Lars Askevolds veg – kunstgrasbana (v/Førdehuset)

    Den enkelte skule og barnehage avsluttar toget på same stad som ved oppstillinga.

Kl. 12.30: Folkefest i idrettshallen, Førdehuset

Programleiar: varaordførar Bjørn-Harald Haugsvær

  • Marsj ved Førde Musikklag
  • Helsing ved ordførar Olve Grotle
  • Bornas appell ved Sunde skule
  • Allsong "Ja, vi elsker", 3 vers, forsongar: Elisabeth Umutoni
  • Dagens hovudtalar: Hilde Bjørkum
  • Utdeling av Førde IL toppidrettsstipend og Finn Friis Hafstad Minnestipend v/Tor Starheim, Førde IL
  • Russetalar v/russepresidentane Malene Savland frå Hafstad vidaregåande skule, og Adrian Djupvik frå Mo og Øyrane vidaregåande skule
  • Avslutning: "Gud signe vårt dyre fedreland", 3 vers, Førde Musikklag, forsongar: Elisabeth Umutoni

Tilskipingar i skulekrinsane etter folkefesten

  • Kl. 14.00: Karstad skule: Tog frå Runnaleitet. Prolog v/elevar frå skulen, uteaktivitetar og kafé. Program i Grendahuset frå kl. 18.00. Tale for dagen, premieutdeling, underhaldning og åresal.
     
  • Kl. 14.00: Førde barneskule: Programinnslag – Førde Skulemusikkorps spelar. Loddsal, leikar for store og små (premiering til dei minste). Kiosksal frå kl. 12.00.  
     
  • Kl. 14.00: Sunde skule: Leikar og aktivitetar, natursti, hesteskokasting m.m. Sal av pølser, is, brus, kaffi og kaker (gjerne kontantar). Vel møtt til ei hyggeleg 17. mai feiring. Førde Skulemusikkorps spelar ca kl. 14.45. Trekning og premieutdeling ca. kl. 16.30.
     
  • Kl. 14.30: Halbrend skule: Barnas apell frå 7. klasse. Underhaldning av elevar ved skulen og Førde Skulemusikkorps. Sal av pølser, kaker, is, brus og kaffi. Ta med kontantar, men det er òg mogleg å nytte Vipps. Leikar med premiering. Loddsal og trekking av premiar.  
     
  • Kl.14.30: Slåtten skule: Leikar og tevlingar for store og små, loddsal m.m. Slåtten Skulemusikk spelar. Sal av is, pølser, brus, kaffi, kaker og rømmegraut med spekemat. (slutt kl. 16.30).
     
  • Kl. 14.00: Angedalen skule: Tog frå skulen kl. 14.00. Sal av rømmegraut m/spekemat, pølse m/brød, is, brus, kaker og kaffi. Kjekke leikar for store og små. Tale for dagen av Åge Avedal. Premieutdeling. Velkommen til 17. mai feiring i Angedalen. 
     
  • Kl. 14.00: Flatene skule: Leikar for store og små, premiering til dei minste. Førde Musikklag spelar ca. kl. 15.00. Kiosksal (slutt kl. 16:30).

Andre tilskipingar

  • Kafé i Viking og Førde bedehus
     
  • Kl. 14.30: Arrangement på Førde Sentralsjukehus
    Førde Musikklag spelar og Førde ungdomslag dansar. 
    Ord for dagen ved Einar Skudal, sjukehusprest.
     
  • Kl. 16.00: Feiring med historisk sus, Festsalen i Førdehuset
    Programleiar: Gro Anthun.
    Allsong.
    Historiske bilete frå Førde ved Asbjørn Tyssen.
    Dans ved Førde seniordans for og med dei frammøtte.
    Kaffi og kaker
    Fri entre og servering, alle er velkomne
     
  • Kl. 16.30: Førde Helsetun
    Førde ungdomslag dansar.
     
  • Kl. 19.00: Familiefest i Storsalen, Førdehuset
    Velkommen til ei stormønstring av born, unge og vaksne i Førde.
    Programleiar: Helena Bremer. Her finn du program for familiefesten.
     
  • Kl. 22.00: Kyrkjegospel i Førde kyrkje
    Deciding med fleire

Artikkeltags