Klokka 10.07 fekk politiet melding om ulykka. Ein 17 år gamal gut skal vere involvert. Han var åleine på motorsykkelen.

Sjåføren skal vere bevisst. Naudetatane er på veg. Brannvesen og lokal lege skal vere på staden og i samtale med guten.

Frode Kolltveit, operasjonsleiar i Vest politidistrikt, melder om at Fv. 602 er stengt grunna ulykka.

– Politi, ambulanse og luftambulanse er på veg til staden. Vi veit enda ikkje kva som har skjedd, då politipatruljen ikkje er komen fram til staden.

Operasjonssentralen oppdaterer på Twitter klokka 11.09 at sjåføren er flogen til Haukeland universitetssjukehus i luftambulanse.

Oppdatering klokka 11.46: Vegen er open for trafikk.