Måndag stilte nordfjordpatruljen i Utrykkingspolitiet seg med laseren i 60-sona langs fylkesveg 60 i Olden.
I løpet av tida dei stod der, skreiv dei ut tolv bøter.
Den høgste farta som var målt var det ein utanlandsk turist som stod for, med ei fart på 83 km/t.
Dagen etter stilte UP seg i 80-sona langs riksveg 15 gjennom Kjølsdalen. Der fekk tre bilistar bøter for høg fart, den høgste farta vart målt til 103 km/t.